Grass Root Square av Do Ho Suh
Steinane kommer frå granittfundamenter til Grass Root Square av Do Ho Suh.
Verket var først montert på Teatergata, R6, Oslo, men er nå flyttet til det nye regjeringskvartalet.
Do Ho Suh vann i 2009 den internasjonale konkurransen om beste utandørsprosjekt med verket Grass Roots Square. Det er plassert under og mellom hellene på den opne plassen ut mot Munchs gate, og inkluderer eit tre som kastar skugge over plassen på varme sommardagar. Det som på avstand kan sjå ut som felt av gras mellom hellene, viser seg å vere fleire titusen små, grønpatinerte bronsefigurar. Skulpturane, som er 7–15 centimeter høge, finst i fire hundre ulike variantar. På nært hald trer den store detaljrikdommen fram. Figurane har ulik alder, etnisitet og kjønn, og gjev inntrykk av individualitet samstundes som dei er ein del av ei sterk og samanbunden masse. I motsetnad til klassiske, monumentale skulpturar er verket halde nær bakken, og kunstnaren seier sjølv om Grass Roots Square at det er «i same høgda som plassen og offentlegheita. Det er dette nivået, grasrotnivået, ein bør sjå samfunnet frå». Det horisontale kunstverket blir forbunde med fasadane ved raudeika som reiser seg mellom figurane og bygget. I juni 2023 vart verket tatt ned frå sin plass i Teatergata 9. I 2024 ble det flytta til ny plassering på Einar Gerhardsens plass, som blir bygd opp igjen på austsida av Høgblokka i det nye regjeringskvartalet. Der vil det bli tilgjengeleg for allmenta når plassen blir opna på nytt.
Det folkekjære kunstverket Grass Roots Square blir flytta – KORO
Verket består av om lag 50.000 bronseskulpturer, med gjentagelse av 400 unike figurer.