Eiriksdal kraftverk
Høyanger kommune ligg på begge sider av Sognefjorden og har 3949 innbyggjarar. Kommunen har eit samla areal på 908 km2. Det meste av busetnaden er på nordsida med om lag 90 % som i hovudsak bur i tettstadene Høyanger, Kyrkjebø, Vadheim og Lavik. På sørsida finn ein bygdelaga Ortnevik, Bjordal og Ikjefjord. Kommunen er eit resultat av samanslåinga av kommunane Kyrkjebø og Lavik i 1964.
Kommunesenteret Høyanger har ei spennande og interessant historie om korleis vasskrafta vart nytta til å byggje opp eit aluminiumsverk, eit verk som i dag er det eldste i Noreg som framleis er i drift. Kraftanlegga, saman med tettstaden i Høyanger, utgjer i dag ein verdifull heilskap som er svært viktig for identiteten i Høyanger og for vestland som kraftproduserande fylke. Industrianlegga både i sentrum av Høyanger og i fjella rundt tydeleg syner grunnlaget for etableringa og utviklinga av tettstaden Høyanger. Dei tekniske og industrielle kulturminna frå kraftproduksjonen er med på å gje kunnskap om både det moderne Noreg og Høyanger kommune sin framvekst og utvikling.
Det nye kraftverket i Eiriksdal kraftverk ligger i Høyanger. Kraftverket erstatta kraftverka Høyanger K2 og K3. Kraftverket utnyttar ein fallhøgde på 568 meter. Eit moderne portaloverbygg i betong dannar inngangsportalen til kraftverket som ligg inne i fjellet. Adkomsttunnelen er 600 meter lang. I samband med utbetring av magasina i etterkant av opninga av kraftverket, vart ein anleggsveg i tunnel, som går parallelt med vasstunnelen, bygd.
I samband med kraftutbygging er det store mengder stein som er deponert i samband med anleggsarbeid. Steinen, som vert presentert i biletform i vedlegg, kjem frå dette anlegget og er deponert i dalbotnen i nærleiken av kraftstasjonen. Bergartane er typisk for Høyangerfjella generelt, men vi ønsker å knytte bidraget mot kraftindustrien. Særleg har vi store mengder av gneis med fine striper og foliasjonar.